landro.net

• Meir frå den leksikalske verda … 20080827

TILSLAGSORD ARTIKKEL
dobbeltbegynna dobbeltbegynna v1 (etter E L Sheridan)
  å vera med i startoppstillinga i to påfølgande fotballkampar fordi utøvaren blei utegløymd frå opningskampen i ei fotballturnering.

DinSide hadde i dag eit oppslag om underteikna som omsetjar. 20080715

• Frå den leksikalske verda … 20080330

TILSLAGSORD ARTIKKEL FRÅ NYORDORDBOKA (uoffisiell rettskriving)
virsa virsa v1 (norvagisert etter ukj. opph.)
  1 å daska nokon lett med flat hand på enden deira på ein humoristisk måte. Dasken må vera uventa for å bli omtalt som virsing
  2 å bli v-: vera han/ho som er mottakaren av virsinga
virsar virsar m1 (frå virsa)
  1 ein som virsar; ein som utfører ei virsing
virsing virsing f3 (frå virsa)
  1 ein lett dask med flat hand på enden til nokon. Dasken må koma overraskande for å bli omtalt som ei v-

• Liv Landro har fått ordna den gamle løo på Landro-garden. Omtale i Vestnytt 2008-01-12, del 1 og del 2. Vestnytt hadde 2008-02-09 òg ein sluttomtale. 20080212

• PDFCreator er eit windows-program som gjer at du kan laga pdf-filer frå alle program du kan skriva ut frå. I staden for å skriva ut på papir, skriv du til ei fil som du kan lagra på datamaskina di eller senda som ei epostmelding. Veldig kjekt å ha! Du kan no lasta ned PDFCreator i nynorsk språkdrakt. 20071230

Det ser ut til at språklege forfallet på Laksevåg senter ikkje stansar med det første. Eit 'fabrikkutsal' er ikkje godt nok - nei, det må nok heita 'factory outlet'. 20071229

Eldre saker …

ebrada it-service hjelper deg med nettsidene dine © 2005-2008